tirsdag 19. april 2011

Innlegg til Helse og Sosialkomiteen

Leder i Dnj Hordaland Norunn Solvang og kommunejordmorkontakt Ingrid Lid Nordøe hadde et fremlegg i kommite for helse og sosiale tjenester, 14 april i Bergen Rådhus. De ønsket å informere byens politikere om barselomsorgen i Bergen og ufrivillig deltid blant byens kommunejordmødre. De ble også intervjuet av NRK Hordaland som sendte det på nyhetene. Her kan dere lese innlegget som byens politikere fikk høre.


BARSELOMSORGEN I BERGEN –DAGENS TILSTAND.

Dnj Hordaland er alvorleg bekymra for tilstanden til barselomsorga i Bergen kommune, og kva omsorg nybakte mødre og nyfødte får etter fødsel. Dette vil vi gjerne gjera reie for her i dag. Vi hadde og ein paneldebatt på rådhuset om same tema i februar i år.
Dei siste 10 åra har det vore ei systematisk nedbemanning på Kvinneklinikken i Bergen pga. økonomiske nedskjæringar. Mange jordmor- og barnepleierstillingar er fjerna. I tillegg har det skjedd store ombyggingar på Kvinneklinikken som bla. har medført færre enkeltrom og fleire fleirsengsrom. Liggetida er rekordlåg i landssamanheng, 2 døgn for friske fødande, uansett om dei er første- eller fleirgongsfødande.
Desse omleggingane har fått konsekvensar. Dnj Hordaland har fått mange medlingar om store ammeproblemer, store vekttap hos nyfødte, og dessverre for mange kvinner som opplever dei får for lite individuell rettleiing, omsorg og for lite ro som nybakt mor.
Vi veit at dei første 2 vekene er svært sårbare for mor og barn etter fødsel – både fysisk og psykisk. Mor er sårbar, har fysiske og psykiske endringar og treng omsorg og kyndig, individuell rettleiing for å bli trygg i rolla som mor. Barnet treng ernæring, stell og mykje kontakt og kjærleik for å få ein god start. Barnelegar på Barneklinikken har alarmert i media om store vekttap som kan bli fatale for barnet. Jordmødre og psykologar ser ein auka tendens til kvinner med psykiske problemer etter fødsel.
Slik kan vi ikkje ha det!
I Bergen kommune er det ansatt kommunejordmødre i alle bydelar til å yta svangerskapsomsorg til gravide. Desse jordmødrene har og kompetanse til å yta barselomsorg, men har verken tid eller stilling til det i dag.
Vi har 18 ordinære kommunejordmorstillingar i Bergen kommune i dag (1 jordmorstilling som prosjektleiar i ”Rusfri start” er unntatt denne berekninga). 67% av kommunejordmødrene i Bergen kommune jobbar deltid. Det er berre 6 heile stillingar i byen. Vi har 5 årig høgskuleutdanning og lang erfaring. Det er 44 % uønska deltid blant kommunejordmødre, og det er eit stort problem for fleire tilsette.
Kvinner og barn kan ha stor nytte av vår ekspertise. Dessutan kjenner vi mange gravide frå svangerskapsomsorga slik at viss vi får fulgt dei opp i barseltida kan og omsorga bli meir heilhetleg og prega av kontinuitet. Mange problem kan gjerne bli avverga, og eks. reinnleggelse unngås.
Dette er ikkje berre vårt ønske, men ei klar tilråding får sentrale myndigheter. I Stortingsmelding nr. 12 anbefales styrking av jordmortjenesta. I fjor kom Helsedirektoratet ut med 2 rapportar; ”Utviklingsstrategi for jordmortjenesten” og veiledaren ”Et trygt fødetilbud” som begge klart anbefaler barselomsorg i kommunejordmortjenesta og større fokus på heilhetlege tjenester. Områdeplan for Helse Vest som også kom i 2010 anbefaler det same.
No i 2011 kom og Helsetilsynet med ein urovekkande rapport om tilstanden i barselomsorga . Sitat frå rapporten ; ”Tilsynet avdekket at dagens barselomsorg langfra oppfyller intensjonen om at gravide, fødende og familien opplever en helhetlig og sammenhengende omsorg .”
Kvifor skal så dette gjelda Bergen kommune? Er ikkje berre dette Helse Bergen sitt ansvar? Det unike med barselomsorg er at dette gjeld mange friske individ som med eit differansiert tilbud kan ta imot omsorg i 1.linjetjenesta i staden for 2. linjetjeneste. Eit prosjekt på KK ”Jordmor hjem” er allereie utprøvd der friske barselkvinner reiser heim etter 1 døgn, og får heimebesøk på dag 2 eller 3. av jordmor.Dette prosjektet har vore ein stor suksess med stor tilfredshet blant brukarane. I Fjell kommune vert no eit liknande prosjekt utprøvd.(vis BT 12.04.11.).
Sett i lys av samhandlingsreformen er difor ei differansiering av barselomsorgen svært interessant og aktuelt. Mange kvinner vil trenga mykje hjelp og omsorg på KK, men for dei friskaste som ønsker å reisa tidleg heim kan tidleg heimebesøk av kommunejordmor med nødvendig helsefagleg oppfølging vera ei god løysing. Slik kan og liggetid reduserast, og dei med størst behov kan få meir omsorg på sjukehuset. Overgangen til oppfølging av helsesøster etter 1-2 veker kan og bli endå betre kvalitetssikra.
Interessa blant fagfolk er aukande for eit slikt forsøk. No i mars blei det difor satt ned ein komite beståande av ledarar frå både Kvinneklinikken, Barneklinikken,helsestasjonstjenesten og Helsevernetaten. Dei skulle då utarbeida ein søknad om prosjektmidler frå Samhandlingsreformen for å starta prosjekt med tidleg jordmoroppfølging i Bergen kommune. Med vantru mottok vi beskjeden no i mars om at søknaden ikkje blei sendt fordi Byrådsavdelingen ikkje ville støtta dette prosjektet.
Vi har bedt om ei forklaring på avslaget. Det har vi ikkje fått.
Vi meiner byens politikarar må ta dette svært alvorleg. Å gje byens familiar ein trygg og god start er av uvurderleg betydning. Vi snakkar om over 3000 familiar kvart år! Dette er eit stort og viktig helseførebyggande felt som treng større politisk oppmerksomhet og handling!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar